Fleire syklar under koronapandemien

Det viser tal frå to av kommunens sykkelteljarar som er monterte aust for sentrum av Ålesund.

Fortau med svart digital skjerm som teller syklende og viser temperaturen. Skjermen står ved siden av fortauet oppe i ei skråning. Det går en veg ved siden av fortauet. - Klikk for stort bileteSykkeltavla ved Fagerlia videregående skole 

Teljesystemet som er etablert av Statens vegvesen og fylkeskommunen, er no integrert i kommunens kartsystem slik at innbyggarar og andre interesserte kan gå inn og sjå på korleis sykkeltrafikken er inn mot sentrum av Ålesund frå aust.

Prosjektleiar for sykkelsatsinga til Ålesund kommune, Gudmund Hoel er fornøgd med trenden:

- Det ser ut som om korona spelar inn på reisevanane våre. Eg  vil tru at dei auka syklisttala som vi ser utover året i år, i stor grad skriv seg frå folk som før tok buss og  no syklar for å minske smittefaren.  Av tala  ser vi også at vêret speler ei klar rolle for kor mange som syklar.

Det har vore teljarar på Borgundvegen ved  Fagerlia (merka Nørve Sykkel på kartet) og rett aust for Hatlaåstunnelen (merka Borgundvegen Sykkel på kartet) sidan 2017-18. Den tredje av teljarane som står ved Borgundbrua (merka Borgundbrua Sykkel på kartet), blei montert i september i år, så der finst det ikkje tal frå 2019. Teljaren i Fagerlia har også eit digitalt skilt som viser kor mange som har sykla hittil i dag, gårsdagens tal på syklistar og tal hittil i år, men dette er ikkje dei to andre utstyrte med.

Teljaren i Fagerlia låg på mellom 421 – 549 i døgnet på kvardagar etter skolestart i august i år. På same tid i 2019 var tala 166  - 323.

- Det positive her, er at både maksimums- og minimunstala, som nok går på vêrforhald, er jamt over høgare for i år, seier Hoel, som også kan tenke seg fleire sykkelteljarar.

- Vi skulle gjerne hatt fleire teljarar, men det får kome viss ein finn pengar til det.  Det hadde sjølvsagt også vore interessant å sjå på for eksempel kor mange som syklar på til dømes gangsykkelvegane langs Storfjordvegen aust for Sjøholt sentrum og på Vatnevegen aust for Eidet.  

Ålesund kommune har i lengre tid vore kåra til Noregs dårlegast tilrettelagde sykkelby. Den 1. plassen arbeider Hoel mot at kommunen skal ta fleire gonger.

-  På kort sikt håper vi at vi i samarbeid med fylkeskommunen får gjennomført nokre strakstiltak for mellom anna eit par utrygge strekningar. På lengre sikt vil Bypakken innehalde fleire større sykkeltiltak knytt til sykling rundt sentrum av Ålesund, for eksempel gjennom Campusområdet, gjennom Lerstad  og Volsdalen, der gåande og syklande blir skilte vekk frå biltrafikken.  Det er også  viktige tiltak på gang for eksempel for ein «missing link» mellom Søvika og Grytastranda ved Uggedal stadion, sjølv om denne no er utsett på grunn av kommuneøkonomien.

Slik finn du tala frå sykkeltellarane:

Gå inn på kartet som ligg på Ålesund kommunes nettside:

alesund.kommune/sykkel. Om du ønsker å opne kartet i eit nytt vindauge, kan du trykke på lenka under kartet på nettsida. 

Zoom inn og trykk på eit av dei tre teljepunkta markert med eit oransje punkt.

Du får opp statistikk frå Statens vegvesen over syklar som har passert teljepunktet, både kvar veg og enkeltstrekningar. Du kan også velje  om du vil sjå til dømes døgntrafikk, månadstrafikk eller sesongtrafikk. Det er også råd å samanlikne sykkeltrafikk historisk.

Merk at teljaren i Fagerlia var ute av drift i slutten av 2019 og begynnelsen av 2020.