Velkommen til medverknadsmøte

Illustrasjon som viser kvar kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum skal ligge, i Keiser Wilhelms gate og Korsegata.  - Klikk for stort bilete

Vi planlegg det nye kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum! Vil du medverke?

Ein del av Bypakke Ålesund er eit nytt kollektivknutepunkt i Ålesund sentrum, som skal erstatte dagens rutebilstasjon. Målet med kollektivknutepunktet er at busspassasjerane skal få ei enklare og meir effektiv kollektivreise, og området blir stoppestad for alle bussar som går gjennom byen – i begge retningar. Samtidig ønsker vi å skape eit meir attraktivt byrom for dei som brukar byen vår.

Reguleringsplanen for kollektivknutepunktet er vedtatt, og vi jobbar med detaljutforming av gatene. Du som brukar byen vår har no moglegheit til å påverke det vidare arbeidet.

Velkommen til medverknadsmøte for kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum.

Ålesund kommune og Dronninga Landskap presentera skissene for det nye kollektivknutepunktet. Deltakarane blir deretter delt opp i grupper for å diskutere og kome med innspel til det vidare arbeidet. Det blir lett matservering.

Tid: Torsdag 2. desember frå 16.30 til 20.00

Stad: PIR i Keiser Wilhelms gate 22

Møtet er opent for alle, men du må melde deg på her innan 1. desember.

 

Har du spørsmål? Ta kontakt med Jøran Mentzoni Eilertsen på joreil@alesund.kommune.no.

Har du innspel, men ikkje anledning til å delta på møtet? Vi vil gjerne høyre frå deg likevel! Send dine innspel til Jøran Mentzoni Eilertsen på joreil@alesund.kommune.no innan torsdag 9. desember.

 

Om kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum:

  • Kollektivknutepunktet vart vedtatt i 2015 som ein del av Sørsideplanen, og skal erstatte dagens rutebilstasjon.
  • Prosjektet er ein del av Bypakke Ålesund, og har eit budsjett på 82 millionar kroner.
  • Ålesund kommune har ansvar for forprosjektet, og Møre og Romsdal fylkeskommune skal gjennomføre prosjektet. Planlagt byggestart er 2023.