Kvar står bomstasjonane?

Det er planlagt totalt 13 bomstasjonar fordelt på tre bomsnitt. Kartet viser dei tre bomsnitta, og plasseringa til dei tretten bomstasjonane er forklart under kartet. Alle bomstasjonane skal ha tovegsinnkrevjing.

Kart som viser plassering av bomstasjonar.  - Klikk for stort bilete  

Sentrum av Ålesund

  • Volsdalen bomstasjon: på E136 i Volsdalen, mellom Ysteneset og Nørvevika (omtrent der ein passera Color Line stadion).
  • Klipra bomstasjon: Ved Borgundvegen 43 (Klipra seniorsenter).

Lerstad/Hatlane

  • Lerstadvegen bomstasjon: på innfartsvegen ved rundkøyringa på Lerstad like etter bensinstasjonen, mot Breivika.
  • Hatlaåsen bomstasjon: på Åse, rett aust for Hatlaåstunnelen (mot Moa).
  • Lerstadtunnelen bomstasjon: i den nye E136 Lerstadtunnelen når den opnar.

Moa/Blindheim/Brusdal

  • Breivika bomstasjon: mellom rundkøyringa i Breivika og den store rundkøyringa ved Moa/E39
  • Moa bomstasjon: mellom den store rundkøyringa ved Moa/E39 til og frå Brusdalen og Moa, på vegen opp mot kjøpesentera på Moa.
  • Olsvika bomstasjon: ved rundkøyringa i Olsvika, ved avkøyringa frå E39.
  • Ytterholen bomstasjon: ved krysset frå Alvikvegen på påkøyringsrampe til E39 Brusdalen. 
  • Elvebakken bomstasjon: ved rundkøyringa ved Liljedahlsbrua (mellom Blindheimstunnelen og Moatunnelen) i retning Moa-området.
  • Liljedahlen bomstasjon: ved rundkøyringa ved Liljedahlsbrua (mellom Blindheimstunnelen og Moatunnelen) i retning Spjelkavik.
  • Blindheimsbreivika bomstasjon: like ved Blindheimsbreivika 10, på den gamle hovudvegen mellom Spjelkavik og Blindheim.
  • Brusdalsvegen bomstasjon: bomstasjonen ligg på Brusdalsvegen, mellom Rødset og Brusdal, på den gamle vegen ved oppkøyringa til E39.

Kart som viser nøyaktig plassering av bomstasjonane

Trykk på bilda for å opne større versjon. 

Kart som viser nøyaktig plassering av bomstasjonane. - Klikk for stort bilete