Fritak frå bompengar for dei med HC-kort
Dei som har parkeringsløyve for rørslehemma (HC-kort) med gyldigheit på minst to år kan søke om fritak for bompengar. Dersom du allereie har fått innvilga fritak frå eit bompengeselskap treng du ikkje å søke på nytt.
Send søknad
Søknaden skal innehalde:
- namn
- e-postadresse/telefonnummer
- registreringsnummer på bilen
- brikkenummer
- kopi av for- og bakside på HC-kortet
- stadfesting på at bilen har gyldig AutoPASS-avtale (kopi av avtalen eller stadfesting frå selskapet du har avtale med). Dersom du ikkje har AutoPASS-avtale frå før må du skaffe det før du kan søke om fritak.
Ver merksam på at parkeringsløyvet (HC-kortet) og AutoPASS-avtalen må stå i same namn. Når innehavar av parkeringsløyvet er under 18 år skal AutoPASS-avtalen være registrert på en føresett.
Søknaden sendes til:
Etter innvilga fritak
Når du har fått innvilga fritak, vil det gjelde alle bomstasjonar med fritak for HC-kort i Norge.
Har du spørsmål om fritak?
Ta kontakt med Vegamot på flf. 73 82 48 80 eller kontakt@vegamot.no.
Meir informasjon om korleis du søker om fritak finn du her
Sist endra 01.07.2022 13.26