Bomstasjonar

Bypakke Ålesund får 13 innkrevingspunkt. Dei er plasserte i tre geografiske område i Ålesund. Innkrevjinga startar i første halvår av 2022.

Kart over bomstasjonar  - Klikk for stort bileteBomstasjonar 

Sentrum av Ålesund

  • Klipra bomstasjon: ved Borgundvegen 44, i krysset med Bjønnadalsvegen på Klipra.
  • Volsdalen bomstasjon: blir liggande i Volsdalen, mellom Ysteneset og Nørvevika på europavegen, før innkøyringa til Ellingsøytunellen.

Lerstad/Hatlane

  • Lerstadvegen bomstasjon: bomstasjon på innfartsvegen ved rundkøyringa på Lerstad etter Lerstad Bensin. 
  • Hatlaåsen bomstasjon: vert liggande på Åse rett vest for Hatlaåstunnelen.
  • Lerstadtunnelen bomstasjon: kjem til å bli plassert på den nye E136, Lerstadtunnelen. 

Moa/Blindheim/Brusdal

  • Breivika bomstasjon: vert liggande mellom rundkøyringa i Breivika og rundkøyringa ved europavegen til/frå Brusdalen.
  • Moa bomstasjon: vert liggande mellom rundkøyringa ved europavegen til/frå Brusdalen og opp mot kjøpesentra på Moa.
  • Olsvika bomstasjon: ved rundkøyringa i Olsvika, ved nedkøyringa frå Europavegen.
  • Ytterholen bomstasjon: bomstasjonen ligg rett ved kryss frå Alvikvegen på påkøyringsrampe til E39 Brusdalen. 
  • Elvebakken bomstasjon: bomstasjonen ligg etter rundkøyringa ved Liljedahlsbrua opp mot Moaområdet.
  • Liljedahlen bomstasjon: bomstasjonen ligg etter Blindheimstunellen og rett før du kjem til rundkøyringa ved Liljedahlsbrua.
  • Blindheimsbreivika bomstasjon: bomstasjonen ligg på Spjelkavikvegen, den gamle hovudvegen mellom Spjelkavik og Blindheim, ved oppkøyringa til Skothaugen.
  • Brusdalsvegen bomstasjon: bomstasjonen ligg på Brusdalsvegen, mellom Rødset og Brusdal, på den gamle vegen ved oppkøyringa til europavegen.  

Prisar

Dette er foreløpige tal. Endeleg vedtak for takst kjem seinast eit halvt år før innkreving av bompengar startar.  

  • Takst for ein personbil med brikke blir ca. 26 kroner. 
  • Takst for tungbil (> 3500 kg) ca. 52 kroner.
  • Ein betalar berre for første passering innanfor ein klokketime.
  • Maksimal kostnad for ein månad for ein personbil med rabattavtale er 1200 kroner.
  • Har du fleire enn 60 passeringar i månaden betaler du ikkje for desse. Dette gjeld personbil.
  • Dei som har brikke får 20 prosent rabatt.
  • El-bilar får 50 prosent rabatt. Dette kjem i tillegg til 20 prosent rabatt for dei som kjøper brikke.
  • Pris for el-bil med brikke, om lag 10 kroner per passering.
  • Pris for personbil med brikke, om lag 20 kroner per passering.
  • El-bilar over 3500 kilo får køyre gratis forbi alle bomstasjonar.

Det er Vegamot som skal stå for drift og innkrevjing av bompengar. Når innkrevinga startar, kan bilistar teikne avtale om kjøp av rabattbrikke med Vegamot. 

Personar som har HC-parkeringskort får fritak for passeringsavgift.