Kollektivknutepunkt Ålesund sentrum

Eit nytt kollektivknutepunkt skal effektivisere kollektivtilbodet i Ålesund sentrum og legge til rette for ei meir urban og moderne løysing for byen.

Bilde av Keiser Wilhelms gate og Korsegata i Ålesund sentrum - Klikk for stort bileteDagens plasskrevjande bussterminal i sentrum skal formast om til eit nytt kollektivknutepunkt i Keiser Wilhelms gate og Korsegata. Jøran Mentzoni Eilertsen

 

 

Dagens plasskrevjande bussterminal i sentrum skal formast om til eit nytt kollektivknutepunkt i Keiser Wilhems gate og Korsegata. Kollektivknutepunktet er eit tilrettelagt område der bussane kjem inn, set av og tar på passasjerar, og køyrer vidare. Busslinjene blir lagt om slik at bussane har ventetid mellom rutene på eitt av endepunkta i staden for på midten som i dag. Det gir eit meir effektivt busstilbod, samtidig som det frigir nye areal til byutvikling. 

Det nye kollektivknutepunktet i sentrum er ein føresetnad for realisering av Sørsideplanen, og for området som ligg på austsida av Kulturhavna. 

Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommune
Status: Planlegging