Kollektivknutepunkt Ålesund sjukehus

Det skal etablerast eit nytt og stort kollektivknutepunkt ved Ålesund sjukehus.

Kollektivknutepunkt Ålesund sjukehus - Klikk for stort bileteKollektivknutepunkt Ålesund sjukehus Torgeir Emblem

Prosjektet skal bidra til å korte reisetida mellom sentrum og Moa, og bussane skal ikkje lenger køyre ned til sjukehuset. Det skal etablerast heis og nye gangvegar som sikrar raskt, trygg og brukarvennleg tilkomst direkte ned til Ålesund sjukehus. 

Lyskrysset vil bli bygd om, og vegen frå boligområdet på nordsida vil bli flytta. 

  • Byggestart er planlagd i 2022 og ferdigstilling i 2023.

Samstundes skal det byggast sykkelveg med fortau, som har ei total breidde på 4,5 meter.

Sykkelvegen skal bidra til auka framkome for syklande på ein trasé som er ein vesentleg del av sykkel-vegnettet i Ålesund. 

Byggherre: Statens Vegvesen

Status: Ferdig regulert, planlegging pågår.