Kollektivknutepunkt Campus

Heile gata blir oppdatert for å legge betre til rette for mjuke trafikantar og etablere eit attraktivt kollektivknutepunkt på Campus.

Kollektivknutepunkt Campus - Klikk for stort bileteKollektivknutepunkt Campus

Hastigheta i Borgundvegen forbi campus blir redusert og det blir etablert et nytt framtidsretta torg som bl.a. knyter NTNU og NMK nærare saman.

Sykkelveg med fortau blir planlagt på heile strekninga, og dessutan kjem det ei ny gang- og sykkelbru over Borgundvegen som skal gi eit meir direkte og trafikksikkert samband for syklande mellom Moa og sentrum.

Tre av dagens uoversiktlege T-kryss blir erstatta av ei rundkjøring for å auke trafikksikkerheita.

Nye busshaldeplassar på rampene til E136 er ein del av kollektivknutepunktet og skal gi større fleksibilitet og eit meir direkte samband til Moa og sentrum frå Campus.

Byggherre: Statens vegvesen

Status: Under planlegging.