Ny trasé og snuplass for buss på Hessa

Det skal byggast snuplass og ny veg på Slinningen.

Det skal byggast snuplass for buss på Slinningen - Klikk for stort bileteDet skal byggast snuplass for buss på Slinningen Torgeir Emblem

Slinningsodden skal bli eit sentralt punkt i bussdrifta i ytre bydel. Busstraséen skal leggast om, og det skal etablerast snuplass for buss ved Slinningsodden. 

Det betyr at ein ikkje får ringdrifta slik som i dag, men at bussen køyrer på sørsida av Hessa både til og frå Slinningen. Dette vil opne for å organisere busstilbodet på ein betre måte, med at ein unngår terminering midt på ruta med passasjerar om bord.

Samstundes skal det byggast ny veg for buss i området. Vegen som vert nytta i dag er svært smal, og to bussar kan ikkje møtast på strekninga. Ein ny veg sør for dagens bustader skal sikre tryggare ferdsel og betre framkome for buss. Det skal òg etablerast fortau i samband med den nye bussvegen. 

Byggherre: Ålesund kommune

Status: Under planlegging.