Strakstiltak kollektiv

Fleire mindre tiltak skal bidra til at bussen kjem raskare fram og at passasjerane får ei betre reiseoppleving. 

Her er skildring av nokre av strakstiltaka for kollektivtrafikken. 

  • Prioritering av buss i lyskryss
  • Ny haldeplass for buss i Spjelkavik
  • Ny busshaldeplass i Borgundvegen på Moa
  • Nye haldeplasser Moa – sentrum

Prioritering av buss i lyskryss

Ein viktig del av Bypakke Ålesund er å sikre at bussen kjem raskt og uhindra fram i trafikken. 

Det blir installerert einingar i styreskapa til lyskryssa som hentar informasjon frå bussane. Det gjer det enklare for bussen å halde ruta og kan til dømes gi bussen prioritet om han er forseinka.

Det er planlagt bussprioritering i desse lyskryssa:
•    Hellebrua 
•    Posthuskrysset/busstasjonen 
•    Blixvalen 
•    Hatlasvingen ved Hatlane skole 
•    Sjukehuset

Ny busshaldeplass i Borgundvegen på Moa

For å effektivisere kollektivknutepunktet på Moa skal det etablerast nye haldeplassar i Borgundvegen mellom Moa sør og nord. Dette gjer at dei fleste bybussene kan køyre meir direkte gjennom Moa og sparer frå 2,5 til 8 minutt i forhold til dagens ruter, som også terminerer på Moa.

Haldeplassane vil vere sentralt plasserte på Moa og vere første steg i utviklinga av ein meir framtidsretta kollektivterminal.

  • Byggherre: Statens vegvesen
  • Status: Oppstart planlegging hausten 2021.

Nye haldeplassar Moa – sentrum

Bypakke Ålesund legg opp til å utbetre haldeplassar på heile strekninga frå Moa til sentrum.

Utbetringane skal sikre at ein kan køyre strekninga med leddbussar på fleire avgangar. Busstoppa skal tilpassast slik at ein får raskare inn-/utkøyring og raskare av- og påstiging ved haldeplassane. Samstundes blir tryggleiken styrka. 

Nye haldeplasser sikrar tilstrekkelig høgde og avstand mellom buss og plattform. Dette er for å sikre universell utforming, som gjer at dei som er rørslehemma lettare kan bruke bussen.

Det skal etablerast kantstopp der trafikkmengda er mindre. Ein legg om til førehandsbetaling, slik at dørene på bussen opnar seg for korte stopp. Alle tiltaka skal vurderast opp mot trafikktrygging. På sikt skal det greiast ut om ein kan etablere sykkelparkering ved dei mest trafikerte stoppa.

Sanntidsinfo med digitale tavler skal etablerast på dei mest brukte haldeplassane.

  • Byggherre: Møre og Romsdal fylke, Statens vegvesen og Ålesund kommune
  • Status: Oppstart hausten 2021.

Ny haldeplass for buss i Spjelkavik

Kvart år går over 17 000 personar på bussen ved haldeplassen i Spjelkavik sentrum. I dag har bussane dobbel vikeplikt før dei kjem seg ut på vegen, og dette gir forseinkingar for bussen.

Busshaldeplassen ligg ved stamlinjetraseen for by- og regionbussar, og ein mykje brukt haldeplass. Fleire skolar ligg i nærleiken av busshaldeplassen. 

No skal haldeplassen flyttast og oppgraderast i nordgåande retning, med nytt design og betra funksjonalitet. Bygging av ny busshaldeplass og ei ny bussbru skal betre trafikktryggleiken.

Når tiltaket er ferdig vil det føre til raskare reisetid, særleg i rushtida.

  • Byggherre: Ålesund kommune
  • Status: Oppstart hausten 2021.