Strakstiltak sykkel

Det er sett av omlag 10 millionar kroner til strakstiltak på sykkelvegar. Pengane skal brukast til å sikre betre framkome for syklande.

Det skal gjerast fleire utbetringar på eksisterande sykkelvegnett i Ålesund Øyvind Heggstad

Midlane skal brukast på små tiltak på ulike delar av hovudnett for sykkel. Dette inkluderer mellom anna å betre sikta ved å endre hagemurar, klippe tre/busker, byte delar av gjerde med gjerde i glas, senke kantsteinar ved overgangar, plassere manglande sykkelskilt, erstatte saksebommar med sykkelvennlege pullertar og skilte om blindvei til blindvei med unnatak for sykkel. 

Byggherre: Ålesund kommune/Statens vegvesen/ Møre og Romsdal fylke

Status: Under planlegging