Sykkel Ålesund sjukehus

I samband med bygging av nytt kollektivknutepunkt på sjukehuset skal også gang- og sykkeltilhøva gjennom området bli betre. 

Gjennom kollektivknutepunktet vil det kome tovegs sykkelveg med fortau i 4,5m breidde, der breidde for sykkelvegen er 2,5m og fortauet 2,0m. Sykkelvegen skal bidra til auka framkome for syklande på ein trasé som er ein del av hovudsykkelvegnettet i Ålesund. Det skal vere eit tydeleg skilje mellom fotgjengarareala og sykkelvegen som vil bli markert med eige dekke. Sykkelvegen blir trekt nærare hovudvegen gjennom kryssområdet med eiga lysregulering for syklande, dette bidrar til auka trafikktryggleik. Fordi dette er hovudsykkelvegnettet i Ålesund blir syklistane prioritert gjennom lyskrysset.

Du kan lese meir om utbygginga på denne strekninga på samlesida for kollektivknutepunkt Ålesund sjukehus