Sykkel Blindheim - Flisnes

I samband med utbetring av fylkesvegen mellom Blindheim og Flisnes, skal tilhøva for dei som syklar og går også betrast.

I dag er det dårleg tilrettelagt for syklistar mellom Flisneskrysset og Blindheim.  Her kjem ein ny sykkelveg på nordsida av fylkesvegen langs Puskholvegen og ny frittliggande sykkelveg vidare vestover. 

I tillegg skal det etablerast gode løysingar for gåande og syklande nord-sør mellom eksisterande og nye bustad- og næringsområde, den planlagde kyrkja i Hatleholen og gravstaden. Det skal etablerast nye gang- og sykkelvegar til  rekreasjonsområda ved sjøen og på fjellet. Mellom anna skal det byggast to nye undergangar i tillegg til dei eksisterande bruene.

Du kan lese meir om utbygginga på denne strekninga på samlesida for heile prosjektet Blindheim - Flisnes