Sykkel Breivika–Lerstad

Frå Moa til Lerstad skal det byggast fire kilometer samanhengande gang- og sykkelveg.

Forholda for gåande og syklande på strekninga blir vesentleg forbetra som følge av tiltaket.

Traséen går frå Moa til Lerstad, forbi Lerstad skole og ut til rundkøyringa på Lerstad. På store delar av strekninga vil gang- og sykkelveg ligge i et parkdrag i god avstand frå bilvegen. 

Gang- og sykkelvegen vil krysse under dagens E136 ved bensinstasjonen på Lerstad, og det er også planlagt tilkopling mot turvegsystemet ved Lerstadvatnet.

Heile strekninga vil ha eit felt for gåande og eit felt for syklande, skilt av ein smal rabatt.

Du kan lese meir om utbygginga på denne strekninga på samlesida for heile prosjektet Breivika - Lerstad