Sykkel Campus

Det skal byggast sykkelveg langs Borgundvegen gjennom Campus og vidare mot sentrum. Denne skal gi trygt og effektivt framkome for syklistar. Dette er «inngangsportalen» for syklande frå bydelane aust for sentrum og blir ein viktig del av hovudsykkelnettet mellom Moa og sentrum.

Sykkelvegar Campus - Klikk for stort bileteSykkelvegar Campus Torgeir Emblem Hovedsykkelvegen skal etablerast gjennom Campus-området langs Borgundvegen som tovegs sykkelveg med fortau som er skilde frå kvarandre. Breidda blir omlag fem meter.

Ein rabatt skil og sikrar sykkelvegen mot køyrefelta.

Vegen følger nordsida av Borgundvegen ned til det nye torget framfor NTNU. Frå torget blir det bygd ei gang- og sykkelbru over ny rundkøyring fram til dagens sykkelveg på sørsida av Nørvasundbrua.

På sikt vil ein kunne vidareføre sykkelvegen via Sørneset og Nørvevika til planlagd sykkelveg frå Volsdalsneset til Meierikaia og sentrum. 

Du kan lese meir om utbygginga på denne strekninga på samlesida for heile prosjektet Campus.