Sykkel Volsdalen–sentrum

Det skal leggast betre til rette for både syklistar og kollektivtransport på den viktige strekninga frå Volsdalen til Ålesund sentrum.

Bilveg - Klikk for stort bileteBypakke Ålesund skal gi ei trygg sykkelløysing langs Borgundvegen forbi Volsdalen skule. Torgeir Emblem I dag manglar det tilrettelegging for syklistar på denne strekninga. Det er utarbeidd ein moglegheitsstudie som anbefaler trasèvalg for sykkel beståande av Fjellgata, Parkgata, Løvenvoldgata, Notenesgata, Rasmus Rønnebergs gate, men endeleg val av trasè er ikkje vedtatt.

Formålet med prosjektet er å legge til rette for viktige samband for sykkel frå planlagt sykkelløysing i Volsdalen inn til/ og i Ålesund sentrum. I sentrum er det trange gateløp og fleire ulike løysingar blir vurdert.

Ei flytande gang- og sykkelløysing frå Meierikaia til Volsdalsvågen er under planlegging. Det skal vurderast om dette tiltaket også kan inngå i bypakken.

Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommune;Ålesund kommune; Statens Vegvesen
Status: Planlegginga har ikkje starta