Trygg kryssing av Bjørgekrysset

Bjørgekrysset ligg midt i opptaksområdet for Stokke og Vik skule på Ellingsøya. Prosjektet skal gi trygg kryssing av fylkesvegen for dei som tar buss, går eller syklar.

Trygg kryssing av Bjørgekrysset - Klikk for stort bileteTrygg kryssing av Bjørgekrysset Torgeir Emblem

Bjørgekrysset ligg midt i opptaksområdet for Stokke og Vik skule på Ellingsøya. Skolen er på to stadar: 1-4. trinn og SFO er lokalisert på Stokke skule, 5-7. trinn på Vik skole. Det er 3,8 km mellom skolane.

Prosjektet skal gi trygg kryssing av fylkesveg 526 for dei som tar buss eller går og syklar på det kommunale sidevegnettet. Planlegginga vil konkludere med om kryssinga blir med undergang eller overgang.

Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommune
Status: Planlegginga har ikkje starta.