Blindheim-Flisnes

Prosjektet gir tryggare veg med betre tilrettelegging både for dei som går og syklar og for kollektivtrafikken.

Eit kart som viser nye køyrevegar, kollektivholdeplassar og gang- og sykkelvegar i prosjektet Blindheim-Flisnes. - Klikk for stort bilete 

Det har vore stor bustadbygging langs fylkesveg 60 mellom Blindheim og Flisnes dei siste åra og det føreligg planar utvikling av fleire bustadområde. Fylkesvegen er også ei viktig gjennomfartsåre, mellom anna til ferjesambandet Magerholm-Sykkylven. Det køyrer i overkant av 11 000 bilar i døgnet på strekninga og vegsystemet er ikkje utforma for dagens eller framtidas trafikk.

Prosjektet skal auke trafikktryggleiken for alle trafikantar og betre miljøet gjennom sanering av kryss, tilrettelegging for gåande og syklande og for kollektivtrafikken.

  • Det er planlagt ny rundkøyring ved Blindheimshallen, som gjer at fleire farlege kryss forsvinn: Krysset mot nord ved Blindheimshallen, det firearma krysset i Puskhola og kryssa ved Eikenosen og Hjelldalen.
  • Det er planlagt midtrekkverk på fylkesvegen for å hindre møteulykker.
  • Mot sør er det planlagt nytt sidevegssystem med ny parsell av Ramsvikvegen. Mot nord er Puskholevegen planlagt utvida til to køyrefelt med fortau og to-vegs sykkelveg.
  • Nye undergangar ved Blindheimshallen og Puskhola, fortau langs Ramsvikvegen og Puskholevegen og ny gang- og sykkelveg på nordsida av fylkesvegen mellom Nyledbakken og Flisnes vil gi vesentleg auka tryggleik for mjuke trafikantar.
  • Samanhengande gang- og sykkelvegsystem som knyter området saman.
  • Det er planlagt tre busshaldeplassar på kvar side av vegen som blir oppgradert til dagens standard. 
  • Støyskjermingstiltak langs fylkesvegen vil gi betre bu- og opphaldsmiljø i heile området.

Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommune
Status: Byggeplanleggingen er i gang