Breivika - Lerstad

Gjennom Bypakke Ålesund skal Statens vegvesen bygge ny firefelts innfartsveg til Ålesund på strekninga Breivika - Lerstad. Den nye vegen vil i hovudsak gå i tunell med to vegløp.

Ved rundkøyringa på Moa kjem tunellinnslaget for den nye Lerstadvegen - Klikk for stort bileteVed rundkøyringa på Moa kjem tunellinnslaget for den nye Lerstadvegen. Torgeir Emblem

Ny innfartsveg til Ålesund gjennom Lerstad har vore planlagt i over 40 år, og er det største og mest omfattande tiltaket i Bypakke Ålesund. 

Kvart døgn køyrer nær 15 000 bilar gjennom bydelen. 

Den nye tunellen vil avlaste både dagens Lerstadveg og E136 gjennom bydelane Moa og Åse. Lengda blir på om lag 3 km. 

Sykkel og gangveg

Forholda for gåande og syklande på strekninga blir vesentleg forbetra som følge av tiltaket.

Frå Moa til Lerstad skal det byggast fire kilometer samanhengande gang- og sykkelveg. Traséen går frå Moa til Lerstad, forbi Lerstad skole og ut til rundkøyringa på Lerstad. På store delar av strekninga vil gang- og sykkelveg ligge i et parkdrag i god avstand frå bilvegen. 

Gang- og sykkelvegen vil krysse under dagens E136 ved bensinstasjonen på Lerstad, og det er også planlagt tilkopling mot turvegsystemet ved Lerstadvatnet.

Heile strekninga vil ha eit felt for gåande og eit felt for syklande, skilt av ein smal rabatt.

Tunellinnslag Lerstad - Klikk for stort bileteTunellinnslag Lerstad Torgeir Emblem Ved Lerstad skal det etablerast eit toplans kryss som erstattar dagens rundkøyring.

Kollektiv Breivika - Lerstad

Ny veg mellom Breivika og Lerstad skal bidra til å fremje miljøvennleg transport ved å frigjere vegkapasitet til buss. Prosjektet skal gi betre framkomst, redusert reisetid og betre trafikktryggleik.

Betre kapasitet og framkome på denne vegen vil også vere viktig for næringstransporten i Ålesund.

Sjå videoanimasjon av den nye vegen:

Byggherre: Statens vegvesen

Status: Ferdig planlagd

Planar: E136 Breivika–Lerstad på vegvesen.no