Ny haldeplass for buss i Spjelkavik

Kvart år går over 17 000 personar på bussen ved haldeplassen i Spjelkavik sentrum. I dag har bussane dobbel vikeplikt før dei kjem seg ut på vegen, og dette gir forseinkingar for bussen.

Busshaldeplass Spjelkavik - Klikk for stort bileteBusshaldeplass Spjelkavik Torgeir Emblem

Busshaldeplassen ligg ved stamlinjetraseen for by- og regionbussar, og ein mykje brukt haldeplass. Fleire skolar ligg i nærleiken av busshaldeplassen. 

No skal haldeplassen flyttast og oppgraderast i nordgåande retning, med nytt design og betra funksjonalitet. Bygging av ny busshaldeplass og ei ny bussbru skal betre trafikktryggleiken.

Når tiltaket er ferdig vil det føre til raskare reisetid, særleg i rushtida.

  • Byggherre: Ålesund kommune
  • Status: Oppstart hausten 2021.