Ny veg og snuplass for buss på Slinningen

Vi skal bygge fleire prosjekt på Hessa som bidreg til eit meir effektivt busstilbod og tryggare ferdsel.

Det skal byggast snuplass for buss på Slinningen - Klikk for stort bileteDet skal byggast snuplass for buss på Slinningen Torgeir Emblem

Snuplass for buss

Første del av prosjektet er ein snuplass for buss med tilhøyrande haldeplass på Slinningsodden. Når snuplassen er ferdig vil bussane ha endestasjon der, og køyre tilbake same veg (Hessavegen). Det betyr at det blir slutt på ringdrifta av bussen, som blant anna har ført til at passasjerar har måtte vente i bussen midt i ruta.

Status: Prosjektet er planlagt ferdig hausten 2022.

Byggherre: Ålesund kommune

Ny veg

Andre del av prosjektet er ein ny veg på sørsida av Hessa. Hessafjordvegen skal bli utbetra og forlenga, og skal gå heilt til snuplassen på Slinningsodden. Denne vegen får full breidde, fortau og nye busshaldeplassar, og sikrar trygg ferdsel for dei gåande og betre framkome for bussen.

Status: Prosjektet har planlagt oppstart i 2026.

Byggherre: Ålesund kommune