Gjennom kollektivpunktet og mot Moa vil det kome sykkelfelt på 1,8m. Sykkelfelta vert lagt bak leskura. Sykkelfelta skal bidra til auka framkome for syklande på ein trasé som er ein del av hovudsykkelvegnettet i Ålesund. I områda nær krysset, vert det eigen farge på sykkelfelta. Sykkel får eigne lyssignal, og same prioritet som biltrafikken. Det vert sykkelboks frå aust, og forskyve stopplinje frå vest, for å auke dei syklande sin trafikktryggleik. Austover frå kollektivpunktet er det ikkje klart for bygging av sykkelfelt enda, men ein skal tilrettelegge for framtidige sykkelfelt så langt det let seg gjere.
Du kan lese meir om utbygginga på denne strekninga på samlesida for kollektivpunkt Ålesund sjukehus