Bypakke Ålesund skal gi ei trygg sykkelløysing langs Borgundvegen forbi Volsdalen skule.
Torgeir Emblem
I dag manglar det tilrettelegging for syklistar på denne strekninga. Endeleg val av trasè er ikkje vedtatt.
Formålet med prosjektet er å legge til rette for viktige samband for sykkel frå planlagt sykkelløysing i Volsdalen inn til/ og i Ålesund sentrum. I sentrum er det trange gateløp og fleire ulike løysingar blir vurdert.
Ei flytande gang- og sykkelløysing frå Meierikaia til Volsdalsvågen er under planlegging. Det skal vurderast om dette tiltaket også kan inngå i bypakken.
Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund kommune og Statens Vegvesen
Status: Planlegginga har ikkje starta