Sykkelveg, Volsdalen – sentrum

Det skal leggast betre til rette for både syklistar og kollektivtransport på den viktige strekninga frå Volsdalen til Ålesund sentrum.

Bilveg - Klikk for stort bileteBypakke Ålesund skal gi ei trygg sykkelløysing langs Borgundvegen forbi Volsdalen skule. Torgeir Emblem I dag manglar det tilrettelegging for syklistar på denne strekninga. Endeleg val av trasè er ikkje vedtatt.

Formålet med prosjektet er å legge til rette for viktige samband for sykkel frå planlagt sykkelløysing i Volsdalen inn til/ og i Ålesund sentrum. I sentrum er det trange gateløp og fleire ulike løysingar blir vurdert.

Ei flytande gang- og sykkelløysing frå Meierikaia til Volsdalsvågen er under planlegging. Det skal vurderast om dette tiltaket også kan inngå i bypakken.

Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund kommune og Statens Vegvesen
Status: Planlegginga har ikkje starta