Trafikksikringstiltak, Aspøy

Bypakke Ålesund skal trygge skolevegen for dei som går på Aspøy skole. Dette skal gjerast ved ei rekkje tiltak i sentrumsområda.

skole - Klikk for stort bileteTrafikktrygging av skoleveg i sentrum rundt Aspøy skole. Torgeir Emblem

 

 

Trafikksikringstiltaka på skolevegen til Aspøy skal utførast fleire stader i sentrum. Gangfelt skal få lys, ein skal betre fortaua i bydelen, etablere nye gangfelt og gjere generelle tiltak for å betre sikta i gatebildet og auke tryggleiken til barna som ferdast i bydelen. 

Byggherre: Ikkje bestemt.

Status: Under planlegging.