Strakstiltak på skoleveg

Det er sett av ein pott til mindre trafikktryggingstiltak, slik som intensivbelysning ved fotgjengarovergangar, fartshumpar, små snarvegar og liknande. Her er nokre av tiltaka som er under planlegging. 

Overgangsfelt på Fjelltun

To overgangsfelt på Fjelltun skal sikrast. Fotgjengarfelta skal merkast betre og få lys. Dette skal gjere overgangen trygg for skolebarn. Byggherre: Ålesund kommune

Olsvika: Alvikvegen og Brusdalsvegen

  • Oppstramming av kryss 
  • Flytting og forbetring av overgangar 
  • Betring av lysforholda ved utskifting av lysarmaturar og lysmaster

Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommune
Bygging: 2022

Fv. 6210 Blindheimsbreivika

  • Oppstramming av kryss 
  • Flytting og forbetring av overgangar 
  • Intensivbelysning av overgang ved Shell Vegsund

Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommune
Bygging: 2022

Fv. 536 Gåseid, Kryss mellom Borgundvegen og Grønvika

  • Oppstramming av kryss 
  • Flytting og forbetring av overgangar 
  • Forbetre belysning ved overgang og busslomme

Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommune
Bygging: 2022