Bompengar er strengt regulert av lovar og dei politiske vedtaka. Bypakke Ålesund kan ikkje utan vidare fjerne, flytte eller sette opp nye bomstasjonar, pga. plasseringa til prosjekta vi bygg, stengte vegar eller liknande. Eventuelle endringar i bomstasjonane må først bli vedtatt i Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune, og deretter bli behandla av Samferdselsdepartementet – som deretter vurdera om endringa krev eit eige Stortingsvedtak eller kan bli behandla administrativt.