Kristin Støylen
Bypakke Ålesund er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund Kommune og Statens Vegvesen.
Vi skal sikre at kommunen framleis skal vere ein god by for alle, også i framtida. Det skal bli enklare og tryggare å bevege seg til og frå – enten du køyrer bil, syklar, går eller tek bussen. Fire milliardar kroner skal brukast på å betre vegane, bygge sykkelvegar, gjer det tryggare for dei mjuke trafikantane og legge til rette for auka bruk av buss.
Målet er at fleire skal sykle, gå og reise kollektivt, og at delen reiser med personbil skal reduserast. Bypakke Ålesund skal gi eit påliteleg og effektivt transportsystem for alle transportformer, og bidra til ei attraktiv og berekraftig byutvikling.