Bompengar i Ålesund

Bypakke Ålesund blir finansiert gjennom bompengar og bidrag frå staten, fylkeskommunen og kommunen. Bompengeinnkrevjinga starta 22. august 2022 og kan pågå i opptil 15 år.

Generell informasjon

  • Tovegsinnkrevjing: Alle bomstasjonane har tovegsinnkrevjing, som betyr at du må betale bompengar i begge retningar.
  • AutoPASS-avtale: Dei som har AutoPASS-avtale og brikke i bilen får rabattar. Du får lik rabatt uavhengig av kva selskap du har avtale med. Les meir om AutoPASS-avtale her.
  • Timesregel: Du betalar berre for ei passering i timen sjølv om du køyrer gjennom fleire bomstasjonar. Timesregelen gjeld i alle bomstasjonar og i begge retningar, og berre for dei med AutoPASS-avtale.
  • Månadstak: Med gyldig AutoPASS-avtale og brikke betaler du berre for maks 60 passeringar i månaden. Dette gjeld per kalendermånad. Merk at fakturaen du får kan ha eit anna beløp, det heng mellom anna saman med fakturaperiode, men brikke-selskapet har kontroll på kalendertaket og passar på. Les meir om månadstak her. 
  • Utan AutoPASS-avtale: Dei som manglar AutoPASS-avtale får faktura for alle bompasseringar utan rabatt. Fakturaen kjem då frå Vegamot. 
  • Bomfri gjennomkøyring på E39: Plasseringa av bomstasjonane sikrar at bilar som skal køyre gjennom området på E39 frå Blindheimsbreivika/Vegsund til Brusdalen slepp å betale bompengar. Du må komme inn på E39 før Blindheimstunnelen og følge E39 til etter Brusdalen for å få gratis gjennomkøyring. I dette området er bomstasjonane plassert ved av- og påkøyringsrampene. OBS: Ved stengt tunnel vil omkøyringsvegen vere på veg med bomstasjon. Dei som vel å køyre omkøyringsvegen vil då måtte betale bompengar. 

Ansvar for innkreving

Vegamot er ansvarleg for innkrevjinga av bompengar i Bypakke Ålesund, inkludert finansiering, teknisk innkrevingsutstyr, takstar og innkreving frå kundar som ikkje har avtale. Det betyr at dersom du køyrer gjennom ein bomstasjon utan AutoPASS-avtale er det Vegamot som sender deg faktura. Les meir om Vegamot her.