Prioritering av buss i lyskryss

No får FRAM-bussane automatisk grønt lys i fleire av lyskryssa i Ålesund. Mindre ventetid gjer at det blir lettare å halde ruta og kan på sikt gjere at bussen kjem fortare fram.

Sjøgata - Klikk for stort bileteSjøgata

Fem lyskryss har fått installert einingar i styreskapa, som ved hjelp av GPS kjenner igjen bussane og gir dei grønt lys:

•    Hellebrua 
•    Posthuskrysset/rutebilstasjonen 
•    Blixvalen (meieriet)
•    Hatlasvingen ved Hatlane skole 
•    Sjukehuset
 

Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommune
Status: Ferdig i januar 2022.