Statens vegvesen
Prosjektet er ei utviding av det nye kollektivpunktet ved Ålesund sjukehus (busstoppa Sjukehuslomma), og er finansiert gjennom tilskotsordninga for mindre regionbyar. Bypakke Ålesund fekk 15,5 millionar frå tilskotsordninga i 2024, og 12 millionar av desse går til å bygge sykkelfelt langs strekninga.
Ca. 180 meter ved sjukehuskrysset er ferdig. Arbeidet fortset i begge retningar framover.
I byggeperioden vil det bli ein del omleggingar som påverkar korleis gåande og syklande kan ferdast i området. I tillegg vil det vere behov for å legge om inn- og utkøyring frå enkelte eigedommar. Dette vil bli skilta fortløpande, og naboar som er direkte påverka vil få beskjed i forkant.
Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med Tafjord Kraftvarme som bytter fjernvarmerør, og Ålesund kommune som bytter gamle vassleidningar på strekninga. Arbeidet er komplisert, noko som gjer at det tek lengre tid å bli ferdig med prosjektet.
Byggherre: Statens vegvesen
Status: Bygging pågår, forventa ferdig i 2025.