Sykkeltiltak, sentrum - Volsdalen
Det skal leggast betre til rette for både syklistar og kollektivtransport på den viktige strekninga frå Ålesund sentrum til Volsdalen.
Formålet med prosjektet er å legge til rette for viktige samband for sykkel frå Volsdalen inn til/og i Ålesund sentrum. I sentrum er det tronge gateløp og fleire ulike løysingar blir vurdert. Gjennom ein forprosjektrapport levert i 2024 vart Fjellgata valt som trasé over Borgundvegen.
Her vil det bli lagt til rette for tryggare transport for syklande gjennom at lage eit nytt kryss der Fjellgata møter Fjelltunvegen. I tillegg til dette vil belysning over strekket bli oppgradert og dessutan asfaltsdekke og skilting.
Byggherre: Ålesund kommune
Status: Planlegginga startar i 2026
Sist endra 13.02.2026 15.14