Oversikt over traseen for Lerstadtunnelen, med kryssområder.
Statens vegvesen
Nye E136 er venta å få ein dagleg trafikk på rundt 22 000 bilar, og vil avlaste Lerstadvegen, Borgundvegen og Borgundfjordvegen.
Slik blir tunnelen
Tunnelen blir om lag 2,6 km lang og skal stå ferdig til bruk mot slutten av 2027. Det er ein toløpstunnel med to felt i kvar retning, totalt fire køyrefelt. Det er planlagt 80-sone gjennom tunnelen.
Tunnelen har ti tverrforbindelsar mellom tunnelløpa, som skal nyttast i nødssituasjonar. Det betyr at det blir maksimalt 250 meter til næraste nødutgang. Det er havarilommer for kvar 500 meter, slik at ein har moglegheit til å parkere bilen utanfor køyrefelta ved problem.
Tunnelen blir utstyrt med avansert overvaking, sikkerheitsutstyr, og moglegheit for å styre trafikken ved behov, for eksempel redusere hastigheit frå 80km/t til 50 km/t med regulerbare skilt.
Sprengingsarbeidet i Lerstadtunnelen var ferdig i mars 2026, etter ganske nøyaktig to år med tunnelarbeid. No står det att blant anna vegarbeid, montering av betongelement langs tunnelveggane og elektroarbeid.
Slik blir det i Breivika
Statens vegvesen
I Breivika blir Lerstadtunnelen kopla til den store rundkøyringa gjennom ei ny arm/avkøyring. Det blir også bygd ein snarveg direkte til Moa i austgåande retning, slik at ein del av trafikken kan køyre utanom rundkøyringa.
Slik blir det på Lerstad
Slik vert toplanskrysset på Lerstad-sida sjåande ut.
Red Ant for Statens vegvesen
Vest for tunnelen blir det bygd eit nytt toplanskryss, med av- og påkøyringsramper.
Som ein del av toplanskrysset er det bygd tre bruer i kryssområdet på Lerstad.
- Ei bru med 68 meters lengde over E136, som er ein del av toplanskrysset.
- To bruer langs E136 på 36 meter som går over lokalvegen til Lerstadvika og Høgenakken.
Det blir også bygd ei ny rundkøyring sør for toplanskrysset, for å handtere lokaltrafikken. Denne rundkøyringa får avkøyring mot Hatlaåstunnelen (Åse) og Lerstad.
For å sikre god og trygg trafikkavvikling blir det bygd firefeltsveg ca 1 kilometer vestover frå tunnelen, mot sentrum.
Planen er å bygge videre vestover i 2030 gjennom prosjektet Lerstad–Campus. Her er det planlagt samanhengande firefeltsveg til Nørvevika/Campus Ålesund, inkludert eit nytt løp i Skuggentunnelen.