Gang- og sykkelveg viser i lysegrått i illustrasjonen.
Statens vegvesen
Løysinga som er planlagt er det som blir kalla sykkelveg med fortau.
Første del av strekninga ved Vestmoa er ferdig, frå Moa til Breivika rett sør for Jysk.
Denne delen av prosjektet er ikkje ferdig planlagt og detaljprosjektert. Området har ein reguleringsplan, men det kan bli behov for justeringar når detaljprosjekteringa er gjennomført.
Gang- og sykkelveg er ikkje ein del av kontrakta med hovudentreprenøren NCC, og vil bli lyst ut på anbod som eiga kontrakt saman med lokalvegane i området.
Arbeidet er planlagt å starte opp i 2028, etter at Lerstadtunnelen er ferdig.