Lokalvegane mellom Breivika og Lerstad

Lerstadvegen går gjennom bydelen Lerstad og er høgt trafikkert i dag. Når Lerstadtunnelen opnar er det venta at trafikken gjennom Lerstad vil bli betydeleg lågare, og i all hovudsak bestå av lokaltrafikk. Då skal vegen bli tilpassa ny trafikksituasjon. 

Nå starter Bypakke Ålesund snart i gang med arbeidet med den nye Lerstadtunnelen. Statens vegvesen

Denne delen av prosjektet er ikkje ferdig planlagt og detaljprosjektert. Området har ein reguleringsplan, men det kan bli behov for justeringar når detaljprosjekteringa er gjennomført. 

På Vestmoa er det allereie etablert ny veg, samt sykkelfelt med fortau.

I Breivika skal det byggast ei ny rundkøyring som koplar saman den nye vegen frå Vestmoa, Lerstadvegen og Breivikvegen. Denne rundkøyringa skal ligge over Lerstadtunnelen, mellom Jysk og Ålesund behandlingssenter (Vestmoa).

Dette arbeidet er planlagt å starte opp i 2028, etter at Lerstadtunnelen er tatt i bruk og mesteparten av trafikken går i den. Utbetring av Lerstadvegen er ikkje ein del av kontrakta med entreprenøren NCC, og arbeidet vil bli lyst ut på eige anbod.

Etter planen skal Lerstadvegen omklassifiserast til kommunal veg når Lerstadtunnelen er opna.