Påkøyringsrampe til E39 på Myrland
Det var planlagt ei påkøyringsrampe i retning Moa på Myrland, slik at det skal bli enklare og tryggare å kome seg inn på E39. Prosjektet er per no ikkje finansiert i Bypakke Ålesund, men kan bli henta fram igjen på eit seinare tidspunkt.
Myrland
Torgeir Emblem
Krysset på Myrland er i dag eit kryss som fungerer dårleg og har auka risiko for ulykker. Det er difor regulert ein påkøyringsrampe mot nord, slik at det skal bli enklare og tryggare å kome seg inn på E39.
Byggherre: Statens Vegvesen
Status: Sett på vent, per no ikkje finansiert
Sist endra 12.02.2026 11.35