120 statlege millionar til Ålesund i utkast til i Nasjonal transportplan

Det ser ut til å kome store statlege tilskot til Ålesund og andre regionbyar i Nasjonal transportplan, NTP. Det vart klart i ein ny lekkasje frå Nasjonal transportplan. Planen skal leggast fram før påske.

På busstopp står Dag Olav Tennfjord (f.v.), Tore Johan Øvstebø, Eva Vinje Aurdal og Vebjørn Krogsæter  - Klikk for stort bileteEin stor dag for Ålesund seier Dag Olav Tennfjord (f.v.), Tore Johan Øvstebø, Eva Vinje Aurdal og Vebjørn Krogsæter 

Ålesund og nokre andre regionbyar i Noreg skal inkluderast i ei ordning der det blir gitt pengar frå staten til å styrke regionbyane si rolle innan berekraft og regionutvikling. Total 600 millionar er sett i første fireårsperiode til tiltak. Det kan bety 120 millionar kroner til Ålesund. 

– Vi veit ennå ikkje korleis denne ordninga skal innrettast, men vi veit at dette vil bety millionar av kroner frå staten til å betre kollektivtilbodet og gjere det lettare og tryggare å sykle og gå. Dette vil bety mykje for innbyggjarane våre, og vi er svært glade i dag, seier ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap)

Ho får støtte frå kollegaer på tvers av partigrensene:

– Dette vil gi eit løft for innbyggjarane i heile regionen vår og det gir heilt nye moglegheiter for regionbyane som motorar for distrikta rundt, seier varaordførar Vebjørn Krogsæter (Sp).  

Midlane kan mellom anna brukast til å betre forholda for kollektivtransport, slik at bussen kjem enda raskare fram.

Viktig med tverrpolitisk samarbeid

Tore Johan Øvstebø (Krf) har leia eit nasjonalt nettverk av regionbyar som har arbeidd for at fleire norske byar skal få ta del i statlege tilskot til byutvikling.

– No blir det endeleg slått fast at regionbyane har ei viktig rolle for å nå klimamåla. Dette er eit resultat av eit langvarig tverrpolitisk samarbeid mellom kommunane og fylkeskommunane i Ålesund, Bodø, Haugesund, Arendal/Grimstad og Vestfoldbyene, forklarer Tore Johan Øvstebø, som er leiar for nettverket av desse fem regionbyane.

Splitter ny ordning

I dag er det berre ni utvalde byområde som har høve til å inngå byvekstavtalar og dermed få statleg finansiering av miljøtiltak. For dei andre byområda har det ikkje vore nokon slik finansieringsordning. 

-Byvekstavtalane har vore eit kraftig verktøy fordi det pliktar alle tre forvaltningsnivå, stat, fylke og kommune, til å dra i same retning når det kjem til utbygging for trafikantane i byområda, seier Øvstebø.

- No kjem det endeleg ei ordning tilpassa regionbyane som skal stimulere til berekraftige transportløysingar i og rundt desse byane, seier Dag Olav Tennfjord (H). Han er leiar i komité for teknisk, miljø og samferdsel i Ålesund.

-Vi er kjempeglade for at regjeringa har sett at vi treng drahjelp slik dei største byane har hatt i mange år, seier han. 

- Med dette gir staten Ålesund kommune høve til å vere med på klimaløftet på ein måte som vi ikkje har vore før, legg Kari Grindvik (V), leiar i komité for kultur og medborgarskap til.  Så må vi sjølvsagt vente for å sjå kva som kjem i NTP når det gjeld detaljane, vi ventar i spenning, seier Grindvik.

Bypakke Ålesund

- Vi er også glade for at regjeringa stadfestar at bypakke Ålesund fortsatt er prioritert i første periode i NTP. Dette er eit viktig steg for å sikre god og berekraftig byutvikling.  Vi reknar samtidig med at bompengeproposisjonen for Ålesund blir lagt fram for Stortinget til godkjenning før sommaren slik samferdselsministeren har lova, seier Tore Johan Øvstebø.  

-Målet er at vi raskt kjem i gang med bypakke Ålesund, seier Øvstebø.