15 millionar kroner til kollektivtiltak på Moa

I mai 2022 foreslo regjeringa at Bypakke Ålesund skal få 15 millionar til grøn byutvikling og god framkome. Pengane skal brukast på nye busslommer på Moa som vil føre til at bussane spare frå 2,5 til 7 minutt.

Bilde av vegen og gangvegen der busslommene kjem.  - Klikk for stort bileteHer kjem dei nye busslommene på Moa.

 

 

Busslommene blir sentralt plassert på Moa, langs Borgundvegen mellom Amfi Moa nord og sør. Når busslommene står ferdig slepp lokalbussane å køyre inn på bussterminalen på Moa, slik dei gjer i dag. I staden for kan dei sleppe av og ta på passasjerane langs Borgundvegen, og køyre direkte vidare til neste stopp. Analyser viser at kvar enkelt buss vil spare frå 2,5 minutt til 7 minutt på å sleppe å køyre omvegen gjennom rundkøyringane og inn på bussterminalen.

- Det er svært veldig gledeleg at vi får disse midlane! Dei nye busslommene på Moa vil ha stor betydning for framkome til lokalbussane, og er eit enkelt tiltak som gir stor effekt, seier Tore Johan Øvstebø.  

Tilskotet skal inngå som statleg bidrag i Bypakke Ålesund. Statens vegvesen blir byggherre for prosjektet. Dei har allereie jobba med prosjektet ei stund, og fortel at prosjektet blir lyst ut på anbod i løpet av få dagar.

Berekraftig byutvikling

Eit kartutsnitt som viser kvar busslommene kjem, og korleis dei skal sjå ut.  - Klikk for stort bileteIllustrasjon av dei nye busslommene på Moa. Statens vegvesen

Midlane kjem etter langvarig samarbeid i Nettverket for berekraftige regionbyar, som består av regionbyane Bodø, Ålesund, Haugesund, Arendal/Grimstad og Vestfoldbyane (Tønsberg, Sandefjord og Larvik). I Nasjonal transportplan (NTP) 2022-2033 blei det sett av midlar til ei ny tilskotsordning som var øyremerka desse byområda, og det vart lagt opp til ei ramme på 600 millionar kroner over fire år. I statsbudsjettet for 2022 vart det satt av 30 millionar til ei ny tilskotsordning for byområda i nettverket, men inntil no har det vore ein del uklarheiter knytt til desse midlane.

I revidert statsbudsjett for 2022 vart det altså klart at Ålesund får 15 millionar kroner i ei eingongsutbetaling. Tilskotet skal inngå som statleg bidrag i Bypakke Ålesund, og pengane skal brukast på prosjekt som skal fremje klima- og miljøvenleg byutvikling gjennom å styrkje satsinga på kollektivtransport, sykling og gange. 

Tilskotsordninga på 600 millionar som var omtalt i NTP er satt på vent. På grunn av den økonomiske utviklinga, med fare for oppheting av økonomien og avgrensa rom for nye store tiltak, meiner Samferdselsdepartementet at ordninga ikkje bør starte opp no. Departementet vil kome tilbake med ei ny vurdering i statsbudsjettet for 2023.

- Vi vil fortsette å jobbe med å få på plass tilskotsordninga som skal bidra til ei berekraftig byutvikling. Det er viktig at regjeringa anerkjenne byregionane si rolle i det grøne skiftet, og vi ser fram til vidare dialog, seier Tore Johan Øvstebø.