15 prosent fleire på bussen etter gratisperiode

Det er 15 prosent fleire som tek buss no enn før gratisperioden som var i haust. 

Ung passasjer på buss som smiler og er blid - Klikk for stort bilete Terje Aamodt, MR Fylke

- Gratisperioden var ei gylden moglegheit for alle i Ålesund-området til å prøve kollektivtransport og å sjå alle fordelane, seier samferdselsdirektør Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding. 

Lettvint å sleppe billett 

Mellom 22. august og 22. oktober var det gratis å køyre buss i Sula, Giske og delar av Ålesund kommune. Det var stor auke i passasjertalet i kampanjeperioden, og målet var at fleire skulle bli vande med å bruke kollektivtransport. Stortinget legg opp til ein nullvekst i personbiltrafikken i byane, medan gange, sykkel og kollektiv skal styrkast som framkomstmiddel.   

- Vi såg at det var om lag 50 prosent  fleire passasjerar på bussane i gratisperioden enn vi hadde venta, og i følge ei undersøking var passasjerane i stor grad fornøgde med tiltaket. Folk syntest det var lettvint å sleppe billett og kontroll om bord, men det blei meldt om noko fulle bussar i rushtida.

Gratisperioden starta same dato som bompengar blei innført i Ålesund, noko ein trur har hatt betydning for passasjerauken.  

Ventar fleire tiltak innan kollektiv 

Etter perioden viser statistikken at passasjertalet har auka med nærare 15 prosent samanlikna med perioden før. Fuglseth fortel at han gjerne skulle sett enda høgare tal. Det er også grunn til å tru at passasjerauken har samanheng med innføringa av bompengar, ikkje kampanjen med gratis buss. 

- Det er bra at vi har fått litt fleire passasjer no, men vi trur dette skal auke i framtida. Det er mange samferdselsprosjekt på gang for å  styrke kollektivsatsinga i Ålesund i månadene og åra framover.  

Møre og Romsdal har sett seg som mål å vere berekraftsfylke nummer ein, og ønsker å ta ei tydeleg rolle i å utvikle berekraftige samfunn. Stig Helle-Tautra er avdelingssjef for FRAM, som er ein del av fylkeskommunen. I følgje han er dette er eit aktuelt tema innan kollektiv og samferdsel.  

- I samband med Bypakke Ålesund blir det mellom anna gateterminal i Ålesund sentrum, og sykkelvegar fleire stader, seier Helle-Tautra. - Her er fylkeskommunen utbyggar.  

Kva med nedgang i biltrafikken? 

Biltrafikken gjekk ned med om lag 10 prosent då bompengane kom og gratisperioden for buss blei innført. Nils Inge Romarheim er seniorrådgivar i Statens vegvesen og seier at det til no berre er gjort enkle samanlikningar på trafikktal.  

- Vi må sjå på trafikken over meir tid for å kunne seie kva effekten av bompengane er, forklarer Romarheim. - Det er mogleg at bortfall av gratis buss gir en effekt på trafikken, sidan vi ser ein auke for nokre av tellepunkta innafor bomringen.