Ber om innspel til namn på tunnel og bruer på Lerstad

Statens vegvesen har bedt Statens kartverk reise namnesak for tre planlagde konstruksjonar i Bypakke Ålesund. No har nokon rett til å uttale seg før vedtaket blir gjort.

Kartutsnitt over konstruksjonar på nye Lerstadvegen - Klikk for stort bileteKartutsnitt over konstruksjonar på nye Lerstadvegen Statens vegvesen

Dette gjelder følgjande namn: Lerstadtunnelen (1), Lerstadvikbrua (2) og Lerstadkryssbrua (3). Namnesaka blir reist for å avklare namnevala og riktig skrivemåte for offentleg bruk.

Statens vegvesen har vedtaksrett for slike namnesaker.
Om du er ein av desse, har du no rett til å uttale deg før vedtaket blir gjort:

  • Kommunen
  • aktuelle eigarar 
  • ev. festarar 
  • lokale organisasjoner 

Kommunen har ansvaret for å innhente og samordne dei lokale høyringsuttalene. Dei innkomne høyringsuttalene blir samordna og sende til Stadnamstenesta og Statens kartverk.

Høyringdokument - Namnesak 2023/14 -konstruksjonar på E136 Lerstad (PDF, 295 kB)

Merknader til høyringa

Innspel og merknadar til saka kan sendast slik: 

Merk e-posten eller brevet med "Namnesak 2023/14"

Ansvarlig for høyringa: Avdeling geodata

Høyringsfrist: 27.02.2023