Det blir meir byggearbeid her frå 27. mai.
Kannan Ponnampalam
- Vi skal no fullføre traséen for høgspentkablar som blei starta i fase 2 av byggearbeidet, seier Erlend Aune, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Traséen for høgspent strekk seg frå Rådhusplassen, og fram til Sparebanken Møre.
- Vi stenger Kipervikgata for gjennomkøyring måndag 27. mai, seier Aune.
- Når Kipervikgata stenges for gjennomkøyring må bilistar nytte Nelvikstredet for tilkomst til Harald Torsviks plass.
Tidleg i juni startar arbeid i Nelvikstredet, men biltrafikken kan passere som normalt. Langsgåande parkering på austsida av gata blir fjerna.
Her blir det arbeid frå 27. mai.Arbeidet er delt opp
Aune fortel at fylkeskommunen har jamleg dialog med bebuarar og næringsdrivande om løysingar for varelevering, parkering og liknande.
-Arbeidet med kollektivknutepunktet er delt opp slik at det ikkje er byggearbeid i alle områda samtidig, for å vere minst mogleg til ulempe for dei som bur eller driv næring ved prosjektet, seier han.
Det er viktig å vere merksam på skilt og oppsett merking, då dette kan endre seg undervegs i arbeidet.
Kollektivsatsing
Prosjektet er ein del av kollektivsatsinga i Bypakke Ålesund og skal bidra til å korte ned reisetida mellom Hessa og Moa. Når prosjektet står ferdig seinhausten 2024, blir det nye haldeplassar i Keiser Wilhelms gate og i Korsegata. Området blir tilrettelagt for folkeliv med breie, støypte fortau, brustein og nye tre.