Byggearbeidet i Posthuskrysset og Keiser Wilhelms gate fortset

Posthuskrysset blir framleis delvis stengt i ei periode, saman med større delar av Keiser Wilhelms gate. Fleire gater får ei oppgradering i samband med bygging av kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum

Oversiktsillustrasjon av det nye kollektivknutepunktet i sentrum, bussar langs gatene og tre på fortaua - Klikk for stort bilete Dronninga Landskap

Som vedtatt i reguleringsplan og i styringsgruppa for Bypakke Ålesund starta andre fase i bygginga av kollektivknutepunktet i midten av november 2023. Ein har delt opp arbeidet slik at det har vore mogleg å behalde parkeringsplassane i Keiser Wilhelms gate lengre enn opphaveleg plan, men denne veka vart dei fjerna. Dette gjeld dei skråstilte parkeringsplassane frå Harald Torsvik plass til Posthuskrysset.

Tre fasar for byggeperioden

Arbeidet med kollektivknutepunktet er delt inn i tre ulike fasar, slik at det ikkje blir byggearbeid i alle områda samtidig. Først ut var Korsegata. Dette arbeidet er meir eller mindre ferdig. 

- Vi har hatt dialog med næringsdrivande om løysingar for varelevering, parkering og tilkomst til garasjeanlegg i byggeperioden. Denne dialogen vil vi fortsette undervegs i byggeperioden, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torbjørn Vatnehol. 

Posthuskrysset blir opna for trafikk i april, og ein kan då køyre inn i Korsegata frå krysset.  

Ei gate for folkeliv

Prosjektet er ein del av kollektivsatsinga i Bypakke Ålesund og skal bidra til å korte ned reisetida mellom Hessa og Moa. Når prosjektet står ferdig, blir eitt kvartal av Keiser Wilhelms gate kollektivgate. Korsegata blir open for biltrafikk, men med busslommer på kvar side. 

- Vi får eit område som er godt tilrettelagt for mjuke trafikantar med breie, støypte fortau, brostein, nye tre og romslege venteskur. Gatene blir trivelegare og betre lagt til rette for folk og folkeliv enn sånn det er no, seier Vatnehol.

Bilde frå Keiser Wilhelms gate, der parkeringsplassane har blitt stengt pga. byggearbeid.  - Klikk for stort bilete Bypakke Ålesund

Kontakt oss

Torbjørn Vatnehol
Prosjektleiar Bypakke Ålesund, Møre og Romsdal fylkeskommune
E-post
Mobil 97 71 41 19