Bypakken er sendt over til Samferdselsdepartementet 

I mars 2020 vart Bypakke Ålesund oversendt frå Vegdirektoratet til Samferdselsdepartementet. No reknar ein med å setje i gang siste kvalitetssikring (KS2) over påske. Deretter skal saka til Stortinget - i form av ein bompengeproposisjon - til endeleg vedtak.

Bypakken blir overrekt til statssekretæren.  - Klikk for stort bileteBypakken blir overrekt til statssekretæren.

 

 

Kvalitetssikringa kan ta opp mot eit halvår fortel leiar i styringsgruppa for Bypakke Ålesund, Tore Johan Øvstebø (KrF)

- Kvalitetssikringa (KS 2) vert lyst ut på anbod og utført av private fagmiljø der dei går igjennom heile bypakken på nytt for å forsikre seg om at alle vesentlege risikomoment er vurderte og handterte, at økonomien stemmer og at strategien for gjennomføring er god, fortel han. 

Øvstebø er svært glad for at bypakke Ålesund no er ute av dødvatnet, takka vere statssekretær Ingelin Noresjø. Dei deltok begge på Nettverk for nye byvekstavtaler i Bodø 11. mars. 

- Under møtet fekk eg snakka med henne og la fram vår fortviling over at bypakken hadde vorte liggande i Vegdirektoratet – etter bompengeforliket hausten 2019. Eg hadde kontakt med Noresjø i vekene etterpå og laurdag 28. mars fekk eg gladmeldinga om at bypakken var komen til Samferdselsdepartementet – og at KS 2 er like om hjørnet.

Stor tru på at første prosjekt kan vere i gang i 2021

No har Øvstebø og styringsgruppa tru på at saka kan behandlast i Stortinget seinast våren 2021 – kanskje før. 

- Uansett bør vi kunne vere i gang med dei første prosjekta i 2021. Som kollektivknutepunkt i sentrum, på Campus Ålesund og ved sjukehuset. Sykkel og gangvegar vil òg bli prioritert høgt i starten, parallelt med at det vert rigga til utbygging av ny vegtrase frå Breivika – Lerstad.