Slik blir Lerstadvegen
-Dette er svært gledelege nyheiter, og ein stor dag for kommunen. Vi har stor tru på eit positivt vedtak i Stortinget, og då er det gitt grønt lys frå alle hald til å starte med Bypakke Ålesund, seier leiar i styringsgruppa, Tore Johan Øvstebø.
Bypakke Ålesund har ei ramme på 4,0 milliardar kroner. Lerstadvegen er det største prosjektet i bypakken med til saman 2 milliardar til bygging av vegtunell gjennom Lerstad og etablering av sykkelvegar i området.
-Med eit positivt vedtak kan fleire av byggearbeida ta til allereie i 2022, og innbyggarane vil raskt merke at det skjer ei utvikling, seier Øvstebø.
Bypakke Ålesund er eit samarbeidsprosjekt mellom Ålesund kommune, Statens Vegvesen og Møre og Romsdal fylke.
Anleggsstart til jul
-Vi har førebudd oss for anleggsstart ei god stund, og vedtak i Stortinget er det vi treng for å trykke på startknappen, seier prosjektleiar i Statens Vegvesen Ole Kristian Birkeland.
Forutsatt at dette blir vedtatt i Stortinget, og at Bypakken si styringsgruppe gir tilslutning til utbyggingsplanen, vil anleggsarbeidet kunne starte rundt jul. Men ikkje i stort omfang.
- Vi kan nemne nytt kollektivpunkt (buss-stopp) ved sjukehuset på Åse, førebuande arbeid for nytt toplanskryss på Lerstad, fleire mindre trafikktryggingstiltak og så må det etablerast system for innkreving av bompengar, seier Birkeland.