Ein gledens dag for Ålesund

Konklusjonen i kvalitetsikring 2 (KS2) til Bypakke Ålesund, rådde hausten 2020 til at saka kan sendast til behandling i Stortinget. Det er konsulentselskapa Ernst og Young og WSP, som har utarbeidd rapporten.

Bilde av ordførar Eva Vinje Aurdal, prosjektdirektør i Statens Vegvesen Ove Nesje,  leiar i utbyggingsutvalet for veg og bygg, Møre og Romsdal fylkeskommune  Anders Riise og leiar i styringsgruppa for Bypakke Ålesund, Tore Johan Øvstebø, - Klikk for stort bileteOrdførar Eva Vinje Aurdal, prosjektdirektør i Statens Vegvesen Ove Nesje, leiar i utbyggingsutvalet for veg og bygg, Møre og Romsdal fylkeskommune Anders Riise og leiar i styringsgruppa for Bypakke Ålesund, Tore Johan Øvstebø.

 

 

Konsulentselskapet rår til å auke dei økonomiske rammene til Bypakke Ålesund og prosjekt E136 Breivika – Lerstad med 250 millionar kroner for å ta høgde for større usikkerheit mellom anna knytt til fjelltunnellen og koronasituasjonen i Noreg.  KS2 har kostnadsrekna Bypakke Ålesund til 3.9 milliardar kroner. Dette er ein auke på totalt 6,7 prosent frå første utrekning.

  • 2.0 mrd. kroner er knytt til arbeidet men ny E136 frå Breivika til Lerstad. 
  • 1.9 mrd. er knytt til trafikksikring, kollektivtiltak, og sykkevegar.

Lokale vedtak gir bypakken rom for ein slik auke innafor den taksten som er vedteken, ved å utvide nedbetalingstida frå 11 til 13 år. Kravet frå departementet er at bypakkar skal vere nedbetalte innan 15 år.

Vidare rår KS2-rapporten bypakken til å sjå på gjennomføringsstrategiar og utbyggingsrekkefølgje i bypakken for å legge til rette for god porteføljestyring. Dette vil bli ein viktig jobb for styringsgruppa framover. Departementet tar saka vidare og legg den fram for Stortinget. Det er eit håp om at Stortinget kan behandle Bypakke Ålesund i løpet av vinteren 2021.

Ein gledens dag

 

Bilde av kake  - Klikk for stort bilete

- Vi er i all hovudsak godt nøgde med KS2-rapporten og arbeidet som er gjort i prosessen, og vi er tilfredse med at KS2 rår til gjennomføring av Bypakke Ålesund og E136 Breivika – Lerstad, seier prosjektdirektør Ove Nesje i Statens vegvesen Utbygging.

 

Vegvesenet er samd i at usikkerheita nok er større enn det som ligg til grunn i deira anslag.

- Vi støtter vurderinga om å auke ramma for å ta høgde for større usikkerheit, seier Nesje.

- Eksamen er bestått. Dette må feirast. Den viktigaste bodskapen i dag er at bypakken er i ferd med å bli realisert. At rapporten slår fast at dette kan  gjerast på 13 år, viser at at det er gjort eit godt arbeid med pakken, seier leiar i styringsgruppa, Tore Johan Øvstebø.

- Det skal bli kake i dag, om eg så må heim å bake ho sjølv. Dette er verkeleg ein gledens dag for Ålesund, seier ordførar i Ålesund Eva Vinje Aurdal. 

- Fylkeskommunen er veldig glad for at prosjektet no er godkjent i KS2 og det gode arbeidet som er lagt ned av alle dei tre partane. No er vi eit langt steg nærare realisering, og  håper at  bompengeproposisjonen kjem opp til våren 2021, seier leiar i utbyggingsutvalet for veg og bygg i Møre og Romsdal fylkeskommune, Anders Riise.