Elektrisk oppstart for Lerstadtunnelen

Med det som truleg er Sunnmøres største elektrisk gravemaskin markerte Statens vegvesen og Busengdal oppstart av tilretteleggingsarbeidet for Lerstadtunnelen i oktober 2022. 

Ingar Valbø, byggeleiar i Statens vegvesen, og Kamilla Busengdal, prosjektleiar i Busengdal AS, sette i gang arbeidet med tilrettelegging for Lerstadtunnelen. Foto: Statens vegvesen

Det første "spadetaket" vart teke av ein 24 tonns elektrisk gravemaskin, som ein meiner er den største i sitt slag på Sunnmøre, og med det er den andre av entreprisane som skal legge til rette for Lerstadtunnelen i gang. 

Den første entreprisen gjaldt fjerning av masse, omlegging av rør og ledningar, å sprenge forskjæring til tunnelen og klargjere for tunnelarbeidet. Det arbeidet vart sett i gang i vår og vart utført av Aurstad Tunnel. 

No er det Busengdal AS som går i gang med tilrettelegging for den store tunnelentreprisen. I hovudsak skal dei

  • grave ut og sprenge forskjæring til Lerstadtunnelen
  • lage tørrmur langs forskjæring
  • legge om lokalvegar
  • lage støyskjerming

Arbeidet i Breivika skal vere ferdig til sommaren 2023 og i god tid før hovudentreprisen startar om hausten. Statens vegvesen jobbar med detaljprosjektering av hovudentreprisen på strekninga. Den skal etter planen lysast ut i mars 2023. 

Trafikkavvikling

Trafikken på E136 i Breivika vil ikkje bli hindra av anleggsarbeidet som er sett i gang, men det er store mengder masse som skal gravast ut, så det vert meir lastebilar i området enn vanleg. På det meste vil det køyre tjue semitrailerar i timen ut frå anlegget. 

I februar blir det sprenging som kan føre til korte stopp i trafikken. I tillegg vil nokre lokalvegar bli lagt om i anleggsperioden. 

Framtidsretta

Den 24 tonns elektriske gravemaskinen tok det første spadetaket i Breivika. Statens vegvesen

Ny innfartsveg til Ålesund er det største og mest omfattande tiltaket i Bypakke Ålesund, og skal gi Ålesund sikrare og raskare trafikk både for gåande og syklande, bilistar og dei som tek bussen. Det blir ei løysing som er tilpassa eit framtidig trafikkbilde, og difor passar det godt å sette i gang arbeidet med framtidsretta utstyr som elektrisk gravemaskin.

Ingar Valbø, byggeleiar i Statens vegvesen seier dei er glade for å vere i gang i Breivika.

Og det er ekstra hyggeleg når vi har med oss ein lokal entreprenør som har vald å ta i bruk elektrisk gravemaskin.

Verd investeringa

Ein elektrisk gravemaskin kostar over dobbelt så mykje som ein tradisjonell gravemaskin. I tillegg må det leggast til rette med straum, så den samla kostnaden er høg. Likevel meiner Busengdal AS det er verd investeringa.

Elektriske gravemaskinar slår positivt ut på miljørekneskapen til eit prosjekt. Læringskurva er bratt, særleg med tanke på å legge til rette med straum, men dette er noko vi må bli gode på, seier Kamilla Busengdal, prosjektleiar i Busengdal AS. 

Statens vegvesen har som mål å halvere klimautsleppa frå anleggsverksemd og drift av vegnettet  innan 2030. 

Statens Vegvesen