Enklare å ta bussen

22. august 2022 blir det ei stor omlegging av linjenummer på bussane i Ålesundsområdet. Målet er å forenkle linjestrukturen, gjere tilbodet mest mogleg føreseieleg og å korte ned på reisetida. 

Ein elbuss står ved Kiperviktorget.  - Klikk for stort bilete Foto: Hallstein Lillevik  

Det blir fire hovudlinjer med nummer 1-4 og lokallinjer med tosifra nummer. Bussane vil stort sett køyre som før, men det blir nokre justeringar med mål om å korte ned reisetida.

Endringa er ein del av Bypakke Ålesund og Plan for utvikling av Ålesund byområde fram mot 2030, som er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund kommune og Statens vegvesen. 

Les meir om dei nye bussrutene her