Enkle tiltak med stor effekt

I løpet av 2022 skal vi bygge trafikktryggingsprosjekt i Olsvika, i Blindheimsbreivika og på Gåseid. Det er skrive kontrakt med ACO Anlegg AS om bygginga, og det første prosjektet har byggestart allereie no i juni. 

 Eit bilete av eit t-kryss.  - Klikk for stort bileteBlindheimsbreivika er eit av områda der vi skal bygge trafikksikringstiltak.  

- Dette er enkle tiltak, men med stor effekt på tryggleiken og framkomsten til innbyggarane, spesielt for dei som går og syklar. For oss er dette startskotet på bygginga i Bypakke Ålesund. Dei neste åra skal vi bygge prosjekt i alle storleikar gjennom bypakken, seier prosjektleiar Torbjørn Vatnehol i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kva skal vi gjer? 

Olsvika: Alvikvegen og Brusdalsvegen

  • Oppstramming av kryss
  • Flytting og forbetring av overgangar
  • Betring av lysforholda ved utskifting av lysarmaturar og lysmaster

Fv. 6210 Blindheimsbreivika

  • Oppstramming av kryss
  • Flytting og forbetring av overgangar
  • Intensivbelysning av overgang ved Shell Vegsund

Fv. 536 Gåseid, Kryss mellom Borgundvegen og Grønvika

  • Oppstramming av kryss
  • Flytting og forbetring av overgangar
  • Forbetre belysning ved overgang og busslomme

- Vi startar på Gåseid no i juni, så blir det oppstart i Blindheimsbrevika og Olsvika i august, fortel prosjektleiaren.

Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg for prosjekta. 

Har du spørsmål? Ta kontakt med prosjektleiar Torbjørn Vatnehol, telefon 977 14 119.

Seks personar står oppstilt etter kontraktssigering.  - Klikk for stort bileteKontraktssigering med Møre og Romsdal fylkeskommune, ACO Anlegg AS og underleverandør Sykkylven Maskin. Framme frå venstre: Tarjei Rødset (Dagleg leiar ACO Anlegg AS), Torbjørn Vatnehol (prosjektleiar for Bypakke Ålesund i Møre og Romsdal fylkeskommune) Bak frå venstre: Eduardo Martinez Gutierrez (byggeleiar fylkeskommunen), Thea Elise Vestre Aasen (prosjektleiar ACO Anlegg), Petter Lyshol (dagleg leiar for underentreprenør Sykkylven Maskin) og Erik Lade Gjersdal (Sykkylven Maskin).