Får 15 millionar til sykkelveg i ytre bydel

Samferdselsdepartementet har bestemt at dei statlege tilskotsmidlane for mindre byområde i 2023 fordelast likt mellom Ålesund og Bodø.  

Bypakke Ålesund, regionbynettverket og samferdselsministeren i Oslo  - Klikk for stort bileteBypakke Ålesund fikk den gode beskjeden av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård saman med regionbynettverket i Oslo. Frå venstre: Håkon Møller (leiar plan- og miljøutvalet i Bodø, Anne Rygh Pedersen (Ordførar i Tønsberg), samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, Arne Christian Mohn (ordførar i Haugesund), Anne-Berit Støyva Emblem (deltok for ordførar i Ålesund), Kåre Pettersen (politikar Vestfold og Telemark) og Tore Johan Øvstebø (leiar i Bypakke Ålesund og leiar for nettverket). Privat

Fordeling av midlar i 2023

I 2023 er det lagt til grunn 30 millionar kroner til mindre byområde utanfor ordninga med byvekstavtaler. Statens vegvesen foreslo at midlane for 2023, som for 2022, fordelast likt mellom Bodø og Ålesund. Desse byane oppfyller kriteria for å få tilskot. Bypakke Ålesund har difor fått 15 millionar kroner frå ordninga med tilskot til mindre byområde. Det var samferdselminister Jon-Ivar Nygård som ga den gode beskjeden til Bypakke Ålesund i møte om regionbysamarbeidet i Oslo.

Kriteria for tildeling inneber blant anna at tildeling først vil kunne skje etter at Stortinget har behandla ein bypakke. Dei lokale partane må også forplikte seg til å følgje opp nullvekstmålet for persontransport med bil.

Dette er veldig gledeleg! No er det andre året vi får tilskot frå den nye ordninga, der Ålesund og fem andre byregionar har moglegheit til å søke. Det gir oss moglegheit til å bygge meir sykkelveg frå Steinvågbrua og vidare i Skarbøvika. Dette hadde vi ikkje fått til utan bypakken og midlane frå tilskotsordninga. Nettverk for regionbyar møtte Samferdselsministeren i Oslo på fredag, der vi var veldig tydeleg om at den nye ordninga må vidareførast i Nasjonal Transportplan 2024, seier leiar i Bypakke Ålesund, Tore Johan Øvstebø

Hjelper å finansiere sykkelveg på Hessa

Dei statlege tilskotsmidlane vil vere med på å forlenge sykkelprosjektet på Hessa: Tonningsgate – Brogata, som det blei vedtatt av styringsgruppa i Bypakke Ålesund den 3. mars. Tilskotet gjer at det kan byggast meir sykkelveg på Hessa enn det som ligg inne i bypakken. Det er fleire mindre, men viktige tiltak som skal utførast, som betre belysning av overgangar, betre skilting og forlenging av fortau. Anbodet er planlagt lyst ut i same kontrakt som Fv. 6208 Sykkelfelt Tonningsgate, og skal være ferdig innan våren 2024.

Ny tilskotsordning til fem mindre byområde 

I nasjonal transportplan 2022-2033 blei det lagt til grunn ei ny fireårig tilskotsordning på totalt 600 millionar kroner i planperioden for å styrke satsinga på kollektivtransport, sykling og gange i mindre byområde.

Hensikta med ordninga er for å leggje til rette for ein meir klima- og miljøvenleg byutvikling og god framkome. Føresetnaden er at dei lokale partane forpliktar seg til å følgje nullvekstmålet.

Det statlege tilskotet skal gå til mindre investeringar i gang- og sykkelvegar og kollektivtiltak. Tilskotet vil inngå som statleg bidrag i bypakkane i dei aktuelle byane. Dei aktuelle byområda er Bodø, Ålesund, Haugesund, Vestfoldbyen (Larvik, Sandefjord og Tønsberg) og Arendal/Grimstad.

Følg oss gjerne på Facebook for fleire nyheiter om Bypakke Ålesund