Foreslår rabatt på bussen når Ålesund opnar bomstasjonane

Testperioden på kampanjebillettar skal starte 22. august, og vare i tre månader. Håpet er at dei som i dag brukar privatbilen skal oppleve at bussen er eit reelt alternativ, både med tanke på kostnadar og køyretid.

Terje Aamodt  

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal vil at fleire skal køyre kollektivt. Han ønskar sterkt rabatterte bussbillettar i Ålesund byområde, Giske og Sula som eit forsøk for å få innbyggarane til å endre vanar. 

Forslaget om 40 prosent rabatt på billett kjøpt i FRAM-appen blir behandla av rådet for personar med nedsett funksjonsevne, eldrerådet, ungdomspanelet og samferdselsutvalet før endeleg vedtak i fylkesutvalet 8. juni.

Dersom forslaget blir vedtatt, vil kampanjeperioden starte 22. august 2022. Det er same dagen som innkrevinga av bompengar startar i Ålesund. 

Billettkampanjen skal gjelde i Ålesund byområde, i Giske og i Sula (takstsone 300-310, 314, 320-322).

Les meir på Møre og Romsdal fylkeskommune sine sider